Æfrika

Gjett kva eg skal?! 

 


(tilfeldig bilete)

Eg skal som du kanskje tolka frå overskrifta til AFRIKA! Kenya! 

 

Eg skal besøka misjonsprosjektet til KVS. Det blir heilt fantastisk! Og sikkert ganske sterkt..

Eg fryder meg med tanken på at eg skal ned til varmen (det er sommar i Kenya). Samstundes er det ISKALDT her. Her kjem eit bilete av korleis eg såg ut i dag då eg skulle gå til skulen.

For første gong på dei snart 3 åra eg har budd her i Lyngdal, har vinteren svart på mine forventingar til sørlandsvinteren, Når det først er snø skal eg ikkje klaga. EIn må jo faktisk utnytta situasjonen.  Så i dag gjekk dagen til å laga snømann.


Her er eit bilete av bilete av snømannen.


Her er endå eit bilete av eit bilete av snømannen.

Som du kanskje ser så er ikkje snømannen heilt nøgd. Men kven hadde vel vore det om nokon hadde tent på eit lys inni munnen din? Trur ikkje eg hadde vore like blid som eg plar vere. Og som alle veit, eg ei solstråle.






 

Eg har eigentleg ikkje tid til å blogga! Eg skal jo til Afrika på laurdag!! AFRIKA?!

Prinsesse Solvår

Siste innlegg

Eg vil med dette skrive mitt siste innlegg på denne bloggen. (siste for i dag altså) Hei forresten! Takk for sist. Eller velkomen om du skulle vere ny lesar. I dag ser eg slik ut.

 

 

Det har vore hektiske veker og mykje har skjedd. Særleg på skulen. Etter ein lang og hard dag der ser eg omlag slik ut.




 

Av KJEKKE ting som har skjedd har eg til dømes vore i bryllaup. Og nei, det var ikkje eg som gifta meg.. 

Sidan eg ikkje hadde noko bilete av dei her og no, gjorde eg så godt eg kunne med å teikne dei på frihand slik eg hugsar dei.

 

 

Her om dagen var det også ball! Då såg eg slik ut



Eller.. dette var slik eg såg ut på førebuinga. Då eg var på ballet såg eg sånn her ut:

 

"Namnam, godt med mat"


Her braut eg forøvrig julebordets viktigste regel. Servietten skal ikkje stappast oppi der. #YOLO

 

 

Jaja.. "Ein skal ikkje bøye seg for noko, sa mannen. Han skeit ståande."

 

Prinsesse Solvår

 

Max uflaks, og laks.

Hei på dykk trofaste lesarar. I dag skjedde det noko dramatisk. I gymmen i dag blei eg slått i auga av ein badminton-racket. Det var ikkje direkte deilig, men the show must go on. Me spelte ferdig kampen (me vann såklart.) Men då me var ferdige var ikkje alt som det skulle. Eg såg meg i spegelen. ÅNEEEI!!!

 

Kva i all verda?!

Lurte dykk. Biletet er ikkje heilt ekte. Det er redigert på paint. 

 

Eg såg sånn ut



Noko som er omlag slik eg ser ut til vanleg.. Men likevel. Det var ganske vondt.

 

 

 

Trur kanskje eg treng ein paracet. Vil ein barmhjertig samaritan dela med meg?

 

 

 

I dag er det laks til middag. Dersom det skulle vere noko innanfor ditt interessefelt.

 

Prinsesse Solvår

 

 

Selfie og sånt.

Er det noko eg har tenkt på i det siste er det selfies. Dersom nokre av dykk ikkje veit kva det er så er dette definisjonen til wikipedia den frie encyclopedia: 


Selfie är ett fotografiskt självporträtt, typiskt fotograferad med en handhållen digitalkamera eller mobiltelefon.

Termen selfie myntades omkring 2005.[1] I augusti 2013 kom termen in i Oxford Dictionaries Online's quarterly update där den definierades som "a photograph that one has taken of oneself, typically one taken with a smartphone or webcam and uploaded to a social media website."[2]         <- Svensk

 



Altså... Sjølve den delen med å ta bilete av seg sjølv er jo noko eg gjer heile tida. Det er jo superkjekt. Men når me legg dei ut på sosiale medier t.d facebook (eller blogg.no), så skriv me stort sett nokre kommentarar som ikkje har noko med biletet å gjere. La meg heller vise kva eg meiner.

 

 

 


"Vore på besøk hjå Bestemor i dag! Me spelte ludo, og åt masse kaloriar toppa med kaloriar! MMMMM!!!"

 

 

 

 


"Føler meg superdupersprek i dag! Jogga 5 mil liksom"




"Vore hjå frisøren"

 



"Gratulera med gullbrullaupet, dykk er eit radarpar!"




 

Kvifor gjer me eigentleg dette? Kvifor har me ikkje dei relevante elementa/presonane på bileta me legg ut? Har du svar på dette vil eg gjerne vite det! 

 

Mvh Prinsesse Solvår

Kva vil DU lesa om?

 

Eg sit her som vanleg på plassen saman med overklassen i Lyngdal.

Som du sikkert ser, sit eg under dei. Det betyr at eg er lågare på rangstigen enn desse a-kjendisane. Akkurat som i føydalsamfunnet. 

 

Eg sat her og gjorde ingenting (som vanleg)......



Då tenkte eg med meg sjølv:



Eg kan jo blogga!! Men halvparten av grunnen til at eg bloggar er jo at folk les det. Så eg prøvde å tenkje på kva folk eigentleg vil lese. Dette var ikkje så lett. Då var det flaks for meg at Synne den kloke sat til venstre for meg.



"Du Synne?"



"Ja, Solvår?"


"Dersom du skulle lest, eg vetsje.. ein blogg kanskje? Kva ville du lest om då?"




"Noko som provoserer, noko feministisk!! Eller kanskje om korleis du lagar verdas beste "frappe" (dette er stavangersk og tyder frappuccino)"

 

Det var då eg fann ut at eg sleit. Ikkje har eg verdas beste oppskrift på "frappe" (den vil eg ha) og ikkje er eg så veldig feministisk av meg heller. Hadde det vore opp til meg skulle eg vore på kjøkkenet dagen lang.




Så med mindre DU(!) som lesar av min blogg vil lesa om ingenting, så er det ditt ansvar å kommentere det du vil lese. For eg KJEM til å terrorisere deg med mine innlegg...



Det er DITT valg. 



Ha ein fisefin kveld.

Prinsesse Solvår

Farmen, teorien osv

Sit og kooosar meg i fjernsynsstova med desse kjekke karane

Dei andre kidza ville ikkje vere med oss. Dei ville heller sjå på noko som heiter farmen. Kva no enn det er.



Så her sit eg einsam og åleine. Tenkjer på kva som har skjedd i dag. For kva hadde eigentleg skjedd i dag?





Jo! Endeleg! ENDELEG, har eg tatt teorien!!!!

Har lenge tenkt at eg skulle ta den. Kvar dag har eg tenkt, at eg må ta den der såkalla teorien. Men har eg lest? Neeii.. Har ikkje hatt noko grunn for ikkje å gjere det. Så i går tenkte eg at nok får vere nok. Eg tar den i morgon.

..og det gjekk.. 

Så her sit eg:

Åleine og triumferande.

 

 

Anna ville sitje med meg



Diverre viser ho ingen interesse for meg og det eg gjer på. Den lille tingen ho heldt i handa er mykje meir interessant.

 

jaja.. Så får vel eg og sjå på "FARMEN" då... (gler meg eigentleg litt inni meg)

 


Nemnde eg at eg har tatt teorien?
Prinsesse Solvår 

Ville berre..

ynskje dykk ein fin dag.

Kva er det i bakgrunnen, spør du?

 

 



Det er eit bilete måla av meg sjølv (for nokre år sidan)

 

Det tar seg best ut på avstand

 

 

 

 

Eller frå ein plass der du ikkje ser det...





TADAAAAA!!!

 

 

Om du vil ha det, kan du få det... 

 

 

Prinsesse Solvår

 

LOL!!

Eg visste kven Ylvis var leeeeeeeeeeenge før the Fox. Har faktisk sett dei på TV opp til fleire gongar før det.


Men bryr folk seg om det? NEI! 



Kvifor? Nei det får dykk svare på. 

 

 

Ha ein flott/ikkje flott kveld.

 



Hjartleg helsing Prinsesse Solvår, med hjarta på rette staden. 

Asiaparty *ntsntsnts*

Sidan eg fann ut at åleine heime-festar var oppskrytt, så bestemde eg meg for å ha party, som det heiter på godt norsk, saman med andre.(!!). 

 

Tema: Asia-party.

Eigentleg var dette berre ein unskuldning for at Kristin idrett (aka nørsti) kunne laga heimelaga vårrullar til oss.

(+ at eg endeleg fekk kle meg ut!!!)






Hadde ein fin kveld! Dudå?

 

Prinsesse Solvår.

Party hard!

GOD MORGON! Desse dagane går til lesing av teorien og skriving av norskoppgåve. "Livet i hula er herlig!! <3 <3"  




Det er på slike tidspunkt ALT anna er facinerande.





Eg skal bli popstjerne når eg blir stor.

 

Rundt meg no for tida tar folk lappen, blir kjærastar og blir FORLOVA til og med (Gratulerasåmasseveldiggladpådykkarvegner)!! På same tid finn eg ut at dersom eg hadde vore ein hund, så hadde eg vore ein bulldog.

Og dersom eg hadde vore ein apekatt, så hadde eg vore ein bavian.

Dataen min har forresten ein uhelbredeleg sjukdom.


 

Er åleine i internathuset mitt i for tida. 

Heime åleinefestar er oppskrytt.






Har btw heilt gløymd å vise dykk den nye krona mi!!




Eg fekk den av Maibel. Den gamle krona blei øydelagd etter at Kristin sat seg på den. Ho prøvde å skjule det med å teipe den saman igjen med gaffateip. 

 

No skal eg eta frukost.



Prinsesse Solvår

Nokon som rimar på diesel.

I dag har ei veldig spesiell jenta bursdag. Nemleg ho her!!



 

 

Izel er alltid glad.


Du berre ser det ikkje alltid.

Joda... Dette er faktisk eit planlagt bilete.

 

 

 

Gratulera så masse med dagen kule deg!! Håpar du har hatt ein kul dag, for den som er kul venter ikkje forgjeves. 

 

Btw, beklager for at eg sa at du rimte på diesel. Men no har det seg faktisk slik at du gjer det. 

 

 

LØV JU, Prinsesse Solvår

Kjære mamma og pappa + andre folk

Eg har det bra! Befinn meg for tida i Lyngdal. Har fått meg nytt hus her. Er ein del av internatet. Men er akkurat som eit lite hus. Har kanskje til og med det finaste rommet eg har hatt æver!!! Så no mamma og pappa, veit de korleis eg bur. Enjoy

 

Her er mine sambuarar!

Forsøk på bilete av badet..

 

Meg på badet.

Hadde litt mascara under eine auget.

Sånn! No ser de korleis eg bur. Takk for kikken. Farvel.

Prinsesse Solvår

Gratulerer Aasen!!!

Litt sein gratulasjon, men no har eg faktisk ikkje vore heime i dag. Uansett! Ivar Aasen er 200år i dag! Ein storstor mann med ein storstor gebursdag! Kor skal eg begynna? Utan Aasen hadde ikkje denne bloggen vore til. Noko eg tippar rundt ca 7-8 personar er glade for. Utan Aasen hadde alle i landet vore danske. Utan Aasen hadde me ikkje hatt "Millom Bakkar og Berg". Utan Aasen hadde ikkje Arnfinn Kolerud skrive dei fantastiske bøkene eg skreiv om for litt sidan. Utan Aasen hadde ikkje Bergens Tidende vore på nynorsk i dag.  

For du som er så upriviligert at du ikkje veit kven Ivar Aasen er, anten fordi du ikkje har høyrt etter i norsktimen, eller fordi du er for liten, eller fordi du rett og slett er gløymsk burde lese no! Ivar Aasen reiste rundt om kring i landet og høyrde på dialektorda, for så å skrive dei ned, for så å lage eit språk av det. Eit språk som skulle vere så norsk så mogeleg. Eit språk som skulle likna på korleis folk snakka. Han kalla målet landsmål. I dag kallar me det nynorsk. Takk for dette språket Ivar Aasen! We love you (som ein ekte nynorskmann ville sagt)

 



Prinsesse Solvår

Camilla og Hildur

Dette er Camilla og Hildur. Dei er 11 og 12 år gamle og likar å lese i bok.



Camilla og Hildur er bestevener. Og likar å vere saman på fritida. Av og til kranglar dei. Ofte er det grunna Camilla er misunneleg fordi Hildur har så langt silkemjukt hår.



Då hender det Camilla gjer narr av Hildur... BERRE fordi ho er svaksynt. Men no har det seg slik at ho er svakare synt ein dei fleste.



Men som oftast er dei eigentleg ganske glade i kvarandre. Då gjer dei mykje tøysete ting saman.










 

Dei likar også å snakke om kjekke gutar. Der er favoritten Justin Bieber!! <3<4<5<6<7

Slik ser dei ut når dei snakkar om Justin Bieber.



Dette er forøvrig også slik dei ser ut når dei snakkar om favoritthesten sin, fjording. Begge to er medlem av pennyklubben.

 

Camilla og Hildur spurde meg ein dag om dei fekk lov å koma på bloggen.



Eg sa nei.

Det skulle eg aldri gjort.




Så til slutt måtte eg berre sei ja!

 

Alt for at folk skal vere lukkelege! 



 

Dette er Camilla og Hildur som seier: "Takk for oss og over og ut!!"




peaceyoloswag.

 

Prinsesse Solvår

Dette har skjedd...

I forrige episode av Prinsesse Solvår hadde Solvår bursdag.  Skjedd ein heil masse 18års-ting. Har blandt anna fått sånn stemmekort i posten. Fleire som er gira på at dei skal stemme til hausten?! Eg er i ekstase. Gler meg som ein eselfole.

 OK. Eg laug litt. Det har ikkje skjedd  meir 18års-greier.

 


Imens andre på min alder skaffar seg ny bruktbil skaffar eg meg ei splitter ny kjerre.

Var ikkje den flott og fin?

 

Så var det ein dag eg stod der åleine og skulle ta bilete av meg sjølv. Det eg ikkje visste var at eg ikkje var åleine, for bak meg stod desse tøttene.

KVA GJER DYKK I MITT HUS?!?!?! Typisk dei å berre brase inn. Men jaja.. Sidan dei først hadde reist den lange vegen kunne dei jo få litt omvisning.



Eksempel på kva me gjorde. Her ror me i verdas finaste fjord. (btw er det ikkje grååådig irriterande når folk skriv "I fjord" istadenfor "I fjor". Eg trur eg klikkar ein smule.)

 

Så viste eg dei kunstsamlinga mi som eg hadde på rommet.



 Dette måla eg i tiande klasse. Under biletet heng ein lapp om at det kan kjøpast for 10kr. Dette gjorde eg mest fordi eg egentleg ville bli kvitt det. Alle gjestane var einige om at det var eit fint måleri. Til trass for dette var det ingen som ville kjøpe det.  Typisk...  Så dersom du vil ha eit slikt måleri på veggen er det berre å kjøpe. Forresten.. Det ser finare ut på dette biletet enn det det er på skikkeleg.

 

 

Før dei reiste heim måtte me  jo ta ein tur til Bergen sidan dei skulle den vegen uansett.

Der fekk Anna mange folk til å ta bilete av oss. All kommunikasjon gjekk sjølvsagt på engelsk. Dette tykkjer eg var ganske flaut igrunnen. For eg er ganske sikker på at han første mannen var norsk, og ikkje nok med det. Eg trur han var ein lokal ein. Trur han snakka stril.



Så var det nokre amrikanarar som tok bilete av oss.



 Her er samtalen mellom oss:
"So, where are you from?"

"It's just an hour from here.."

"HAHAHAHAHHAHAHHAHAHAHHAHAHAHHAHAHAHAHAHHAHAHHAHAHAHHAAHHAHAHAHAHHHWAHHAHwaewwaawahehe!! We are from Pennsylvania.." 

Så sprang eg grinande derifrå fordi dei lo av meg. Men dei var jo koslege då.

 

 

 

Over til noko heilt anna. Om du elskar nynorsk slik som meg. Eller berre likar å setje deg ned med ei fjollete og tøysete bok, så burde du lese triologien til Arnfinn Kolerud. Den er rett og slett heilt FANTASTISK!!! Har lest den første, er midt i den andre og den tredje har ikkje komt ut enno.  

        

Eg er hekta! 

 

 

Ha ein fisefin kveld. I morgon skal eg til Dronning Elisabeth!

Prinsesse Solvår

 


 



 

Forandra

Eg vakna i dag med ei underleg kjensle inni meg. Noko var skjedd. Eg gjekk og såg meg i spegelen. Eg hadde ein underleg glød i fjeset og vind i håret. 




Det viste seg at det med  vinden i håret berre var hårfønaren.



Så eg skrudde den av.



Det var likevel noko... Noko eg ikkje heilt hadde følt før. Kva var denne underlege kjensla? Det var fleire ting som tyda på at det var noko spesielt med denne dagen. Det lukta kake på kjøkkenet. hmm..  (og ikkje minst mmm...)Så såg eg ut vindauget på soverommet mitt..




EIT FLAGG!!?  Det er då ikkje 17.mai! Og ikkje er det frigjeringsdagen.. Eg bestemde meg for å kikka på datoen på telefonen.

Sjølvsagt. Eg har jo bursdag! Og ikkje kva som helst for ein bursdag! Eg er jo blitt kvinne! Supermyndig er eg. 18år!!!

 



Kven prøver eg å lure? Sjølvsagt visste eg at eg har bursdag i dag. 

 

Happy birthday to me! 

 

Prinsesse Solvår

Jentekveld med blod og gørr!! Iallefall litt snørr..

REUNION!! Eller.. Det er iallefall ganske lenge sidan eg, Maibel og Izel har vore saman på same tid. Det var ein jentekveld som alle andre jentekvelder. Berre ti gongar kulare. Her kjem nokre bilete etterfulgt av tekst.


Alle koste seg kjempemasse og hadde det gøy.



Legg merke til hunden i bakgrunnen. Krage på dyr er siste mote i bygda.


Dette er Oliver. Han øydelagde litt jentekveldkonseptet.

 

Som alle andre bloggarar må eg vise bilete av maten me skulle ete. Diverre klarte me ikkje med å ta bilete før etter me hadde ete.



Me er litt grådige.

 

Så såg me ein film me eigentleg ikkje såg på.

Så byrja me å danse istaden for å sjå på film. Eig høgdepunkt.










Apropos snørr. Er høg på saltvannsspray.





 

 

Party all night! Oppe til seint på kvelden. 

 

Ha ein fin kveld då, Prinsesse Solvår

Gidd ikkje meir..

 

 

Trudde du eg skulle slutta å blogga no? Heldigvis for deg er ikkje det tilfellet. No drit eg i denne 15 dagars utfordringa. Temeane er grusomt teite, og ingen gidd å lese dei. Aka, eg gidd ikkje skrive dei. blablabla. 

Mamma og pappa kom tilbake ifrå Praha i dag. Sidan eg har hatt minimalt med menneskleg kontakt dei siste døgera var det eit stort høgdepunkt. Det beste av alt med at dei kom heim (rett etter det at dei faktisk kom heim) var at dei hadde kjøpt noko til meg. 

 

Dei kjøpte eit nytt fjes til meg.





Var det fint?

 

 

 

 


Kan forresten meddela at eg er frisk, dersom du ser vekk ifrå at eg ikkje er det.

Ok. Eg er litt frisk.

 

Oppsummering av innlegget. 

  • Ingen meir 15 dagars utfordring
  • Mamma og pappa har kjøpt nytt fjes til meg
  • Nesten frisk. Trur eg.

 

To my international readers: Hello. You can call me SunSpring.

 

Prinsesse Solvår

Dag eittelleranna: Favorittbutikken din

Min favorittbutikk er utan tvil storsenteret Myking handel. - Nærbutikken Myking.

Absolutt verdt å gå innom. Dei har eiga facebookside, https://www.facebook.com/mykinghandel?fref=ts .

 

Nok om det. Eg har dei siste dagane skrive om at eg har vore sjukepleiar for katten og søstera mi.



 Men sidan mitt immunforsvar er lik null, visste eg at det var for godt til å vere sant at eg skulle forbli frisk.

 

Eg var i skuddsona, og i dag traff det meg!


Følte det på meg i går. Og i dag var det ingen tvil. 



Eg har blitt smitta. Jaja.. Ikkje akkurat sånn at eg er dødsjuk eller noko. Men litt kjipt med tanke på at dette er den første dagen med fint vêr på ganske lenge.

 

Går greit altså. Berre ser ein del ting som ikkje er der liksom.



Blir 18 om 10 dagar!!! Wihuu.

 

Gratulerer Kristin aku "Hu som kose sæg i amerika", med kommentar nr 500. Applaus

Prinsesse Solvår

 

 

 

 

 

1-års jubileum!!!

Feirer eittårsjubileumet til bloggen mutters åleine. 

 

 

Er fri som fuglen

 

Likevel sit eg her.



ÅLEINE!!

 

 

 


Vil DU vere venen min?




Dagens visdomsord: Det er betre med ein fugl i handa enn ti på taket. Men ikkje viss den bæsjer.

- Atif (Jul i svingen)

 

 

Jaja.. Den som er kul venter ikkje forgjeves.

 

BTW, Gratulerer bloggen.

Prinsesse Solvår

Dag 7: Eit bilete av deg då du var liten.

I dag skulle eg leggje ut eit bilete av meg sjølv frå eg var liten. For å sei det slik, eitt bilete er for lite. Her kjem heller ein drøss.

 

 





Finaste eg fann



Elskar å stå på skøyter.

 

Slik såg eg ut då eg var mindre enn det eg er no. 

 

Har nesten nådd kommentar nr 500. FØRSTEMANN/kvinne!

 

Prinsesse Solvår

Feller ein tåre.

Har fått inntrykk av at det ikkje er alle lesarane mine som er like glad i kattar. Noko eg ikkje kan forstå.





Denne nyhendinga gjordemeg svært trist.



Og eg måtte til og med felle ei tåre.



Og det hadde ikkje berre med at eg hadde tannkremen for nærme augene.



EKTE TÅRER!! 

 

Kven kan vel ikkje lika DENNE masekoppen?



Ho lyser jo opp kvardagen akkurat som ein lampe. 

 

Prinsesse Solvår

Dag 6: Mobilen din.

Dette er eit punkt eg har sett fram til. For mobilen min er noko for seg sjølv. Då eg kjøpte den så var det fordi dette var ein mobil som skulle tåle ein del. Både vatn, støv og eit par harde slag i bakken. Skjermen er ekstra sterk, aka ekstra vanskeleg å knuse. Har vore stolt eigar av min Motorola Defy i snart to år no. Og noko som ein gong såg ut som dette:

Ser i dag litt meir ut som dette:



Var litt dårleg lys, for å skåne dykk for kor ille det faktisk er.

Men så skifta eg meining (og rom), og ville gjerne vise dykk mobilens sanne andlet.



Er den ikkje fin? 

 

Korleis blir ein så sterk og robust telefon som denne slik?

 

Kort oppsummering: Hadde kappløp med ein sjuåring (eg vann). Seinare sat meg på den (var tungt å innrømme det faktumet) og så fekk den eit kraftig spark. Som vel og merke ikkje var gjort av meg.

 

Kvifor gidd eg å ha denne telefonen, undrar du. Eg veit ikkje. Den har igrunnen aldri vore bra. Av og til klikkar skjermen. Og i staden for at den skriv: "Flottings ;)" Som eg ville gjort, skriv den: " ØØØØktliocaj kjkjkjljkj adgtjspn nnnnnnnngkj" Like kjekt kvar gong det skjer.  Eg er vel for gniten til å kjøpe ny. 

 



Katten har det fint forresten. Ho har berre bæsja to gongar på golvet i dag. Kva skal ein med kattedo når ein kan bruka golvet. 

 

Prinsesse Solvår

 

 

 

Dag 5: Eit bilete av deg og dine beste vener.

Har ikkje noko bilete med alle mine beste vener, eller bestevener om du vil på. Alle bestevenene mine har ikkje møtt kvarandre eingong. Sit btw åleine her. Med katten såklart. Så eg legg inn eit bilete av meg og katten. Sidan me er vener. 

 

Lots of love, Prinsesse SOlvÅr!  (Som skal baka bollar i dag)

 

 

Dag 4: 3 favorittsongar

I dag gidd eg ikkje å skrive om kva mine 3 favorittsangar er, fordi eg har mykje meir spanande ting å skrive om.

 

Mamma og pappa reiste på ferie i dag. Så då er det party i hula.

 

Men! Alt er ikkje ein dans på tulipaner likevel.

 

Linda er sjuk og passar på sofaen. Det betyr at eg må passe på ho.

 

Og som om det ikkje var nok, så er ikkje katten heilt i form heller.

 




Katten min er ein blome.

 

Sidan eg har alt ansvar no, så må eg laga mat. Eg diskar opp med all slags gourmetmat, så i dag blir det Grandiosa med kjøtteig og lauk. 

 

 

Så no fungerer eg som husmor/sjukesyster (og prinsesse), og går rundt å nynner "eg skal bli sjukesøster e-eg trallala".  

 

Det var mine tre favorittsongar. Kva er dine?

Prinsesse Solvår

Dag 3: Eit bilete av deg som er tatt i dag.

Denne oppgåva var ganske enkel med tanke på at eg gjer dette heile tida. Eit bilete tatt av meg akkurat no!

 

Har forresten overnattingsbesøk. Eddabædda!!

 

God natt! Helsing Prinsesse Solvår

Dag 2: Handskrifta di

Eg gidd ikkje å skrive for hand. Eg har ferie, dessutan har me jo pc. Difor leita eg heller i arkivet, og fann dagboka mi frå 2004. Her kjem eit utdrag.


Oversetjing: "Glede? Glede er ein lett følelse inni deg. Ja foreksempel nor Brann skåre. JE HO!!! Slutt!! !!!" Etterfulgt av setninga: "No veit eg ka glede er! "

Ja eg har alltid vore litt av ein poet. 

 

 


Dette var det første eg skreiv i dagboka mi. "I dag reiste Linda på leir. Ho er kjøkkenhjelp på leiren." 

 

No som eg fann fram dagboka mi har eg godt lesestoff for heile sommarferien! JE HO!

 

Var også ganske mange legendariske teikningar i dagboka. Mange kysseteikningar som ikkje egnar seg for offentleggjering. Men de kan få ein smakebit.


Til høgre ser me noko eg trur skal vere ei and,

 

Adjø og farvel. Håpar du har hatt ein fin dag. Det har iallefall eg hatt.

 

Prinsesse Solvår

Dag 1: Bloggar eg les.

Når det gjeld kva bloggar eg les, så er det litt forskjellig. Eg les venene mine sin blogg, der eg til dømes kan anbefala min søsterblogg http://dronninghusa.blogg.no/ . Eg les også med jamne mellomrom prinsessesolvaar.blogg.no, og humrer og ler.

 

Dersom eg ikkje har så mykje fornuftig å gjere ein dag så les eg alt eg kjem over. Så dersom du har ein blogg er eg såpass nygjerrig at eg går innpå (nesten garantert)

 

I dag vil eg slå eit slag for aviser. Då kan ein faktisk lære noko. Har bestemt meg for at eg faktisk skal setje meg skikkeleg inn i alt som skjer her i landet. Skal trass alt stemme til hausten. *stolt*

SOLVÅR -Samfunnsvitaren

 


Fant eit meget ekkelt bilete av meg. Tatt på min kjære barneskule! Myking skule <3

 

Prinsesse Solvår
 

15 dagars utfordring

ALDRI om eg klarar det. Men eg har blitt oppfordra til å ha ein sånn ein. Dei neste 15 dagane kjem eg til å blogga kvar dag om dei tinga nedanfor. Dette blir ganske interessant lesning, så følg med! Eg må beklage på det sterkaste at teksten nedanfor er på riksmål. Eg kopierte berre teksten frå ein plass. 




 

❤ Day 1 - Bloggene du leser

❤ Day 2 - Håndskriften din

❤ Day 3 - Et bilde av deg som er tatt i dag

 Day 4 - 3 favorittsanger

❤ Day 5 - Et bilde av deg og bestevennene dine

 Day 6 - Mobilen din

 Day 7 - Et bilde av deg som liten

 Day 8 - Favorittbutikk

 Day 9 - En artist du liker

 Day 10 - Et sitat du liker

 Day 11 - Hvorfor begynte du å blogge

 Day 12 - En ferie du vil på igjen

 Day 13 - Hva liker du å gjøre på fritiden

❤ Day 14 - Antrekket ditt i dag

 Day 15 - Bilde av deg for 1 år siden

 

Ha ein fisefin kveld. 

Prinsesse Solvår

Svar på spørsmål.. ->

Endeleg fekk eg fart på sakene. Så no kjem svara på dei aller fleste spørsmåla!

 

Dr. Solvår er her for dykk!

 

 

Det kom ganske mykje spørjemål om meg. Dei kan eg svare på først så de føler de kjenner meg litt som person. Ikkje berre som kjendisbloggar.

 

Korleis er livet som kjendis? Sjukt stress eigentleg. Alltid noko å gjere, og aldri åleine.

 

 

Korleis sminkar du deg? Eg kan ta det trinnvis, så de ser korleis eg gjer det frå byrjing til slutt.

Utgangspunktet


Og så fiks ferdig!!

 

Kven hadde du heitt om du var ein hest, ei ku, ei and og ein astronaut? Litt underleg formulering. Men eg tippar at dersom eg var alle dei tinga på ein gong så hadde eg heitt Solvår. Du kan spørje foreldra mine om kvifor. 

 

Kven er din kjendisforelsking? 




Forelska? Det er jo sånn dei vaksne er. hehe.. flaut.

 

Kor mange ungar skal du ha? Veit ikkje heilt. Kan bli alt frå 0-14. Men eg trur me stoppar på fjorten. Med mindre eg får femtenlingar då. Då stoppar me der. 

 

Kva er favorittvitsen din? Den om dei to dyslektiske tomatane som gjekk over ein veg, og så kom det ein bil etc etc. Så blei denne tomaten køyrd over, og den andre sa: "KOMMAN IGJEN KENNETH!!!" hehe..

 

Kor mange truser har du?



Veit ikkje heilt. Kor mange har du då?

 

Den ekklaste personen du veit om?

Eg tykkjer alle i heile verda er vakre.



Kven er di favoritt dronning? Dronning Sonja såklart! Hadde ei teikning av ho på badet heilt fram til i dag.

 

Har du silikon som alle andre toppbloggere?

Neehh.. Men i spesielle anledningar fin eg kanskje fram raggsokken.


Har du lyst å bli skikkelig toppblogger? Nei. Eg tykkjer 7 lesarar for dagen held i bøtter og spann.

 

Har du dyr? Eg har verdas finaste pus! Ho heitar Lizzy og likar å ete fuglar. 

 

Hvordan fikser du deg på håret? Det går føre seg omtrent slik.




 

Bruker du extansions? Jada



Var det fint? Importert frå paint. Biletet altså.

 

Du er kul og sånn, men er du sånn kul på skolen og? Det er eit definisjonsspørsmål. Men spør du meg så er eg det.

 

Hva ville du helst hatt av en katt og meg? Sidan du er min hemmelege beundrar, og eg ikkje veit kven du er, så trur eg at eg må velge Lizzy. For ho et ikkje berre fuglar, men ho et mus òg! Det er ganske praktisk.

Liker du smultringer ? For mykje feitt og kaloriar. LOL!!



Hva vil du bli når du blir stor? PREST! (tar med oppfølgingsspørjemålet frå Rannlaug)

Kvifor vil du bli prest? På grunn av lønna! Ehehe.. neida. Det er faktisk fordi eg ser på det som eit spanande og utfordrande yrke som passar godt til meg (trur eg då) Kyrkja treng gode prestar! 


Kvar fekk du tak i såpass kule briller, og kva for eit fantastisk kamera er det du tek desse vakre bileta med???? Vel, Mathilde (og mine 6 andre lesarar) Brillene du refererer til er nok desse.




Dei er kjøpt på ein fantastisk butikk kalla Fretex. Det er ganske synleg at brillene er meint for nokon som har eit  hovud av halve min storleik.

 

Bileta er tatt med dette amazing kameraet.

 

Kordan blir da endå eit år utan å bu vekke ifrå meg? No har det seg jo faktisk slik at eg SKAL bu endå eit år vekke frå deg, Maibel. Det er eit tomrom i hjarta mitt!

Saknar du gamle tia då me var så mykje ute ilag? Always (ultra)

Skal me laga gjørmekake ilag snart? Kan ikkje me lage vanleg kake? Det smakar best! 

 

Kva formeiningar har du om Ivar Aasen? Ivar Aasen var ein fantastisk mann med sans for det norske språk. Voldsomt kjekk kar!

 

 Ser ikkje heilt nøgd ut på dette biletet. Men han hadde nok "kjarm og glint i øget".

 

Kvorsleis er det å gå på Lyngdal KVS? Ganskeså fantastisk skal eg sei deg! Ein skule utan like. 

 

Berre sjå kor eg kosar meg.


 

Kvar likar du aller best i heile verda å vera? Eg likar aller best å vere i sjøen. Der føler eg meg heime. Eg er akkurat som ei havfrue, eller ein fisk. 

Likar du i-endingar? Ja, men brukar dei sjeldan sjølv. Utan om soli. For det er kallenamnet mitt.

 

Eg trur dette var alle som handla om meg. Resten svarar eg på i neste innlegg!

 

Eg er heime forresten.

På ferie.

Og eg held på å få ei ny tann.

hehe.. he.

 

Prinsesse Solvår

 

Les mer i arkivet » Januar 2014 » Desember 2013 » November 2013
hits